Framside1.jpg
Framside2.jpg
Framside1.jpg

Design + Trykk


TINDE er spesialist innan visuell kommunikasjon og utformar og det du treng av trykk, web og andre flater.

SCROLL DOWN

Design + Trykk


TINDE er spesialist innan visuell kommunikasjon og utformar og det du treng av trykk, web og andre flater.

Kjære kunder, partnarar og vener av TINDE. Etter nesten fire tiår i bransjen, har vi nådd enden på vegen. TINDE vart grunnlagt i 1985 (Viketrykk AS), og sidan då har vi vore vitne til, og teke del i ei utruleg utvikling. Det er med både stoltheit og eit viss vemod at vi deler at TINDE vil avslutte si verksemd, gjeldande frå februar 2024.

Vi ynskjer å uttrykke vår djupaste takksemd til kvar einaste kunde, samarbeidspartnar og tilsett som har vore ein del av denne spanande reisa. Dykkar tillit og arbeid har vore heilt avgjerande på at TINDE har holdt det gåande så lenge. Takk for no!

Framside2.jpg

Mediemix


Nye løysingar tilfører nye dimensjonar og driv oss framover. Vi trur på mangfald og rett medie til rett tid.

Mediemix


Nye løysingar tilfører nye dimensjonar og driv oss framover. Vi trur på mangfald og rett medie til rett tid.

Design

Korleis du møter omgjevnaden er med på å gje deg truverd når du skal presentere, informere og engasjere. Ved rett bruk av visuell kommunikasjon styrker du merkavara di. Vi vil vere med på å gje deg eit heilheitleg uttrykk slik du blir lagt merke til og oppfatta på rette måten. Kanskje ønsker du noko heilt nytt?

Trykk

Vil du ha produsert ei trykksak, står vi klare for å ta jobben og levere godt handverk til avtalt tid. Kvalitet oppnår vi også gjennom ferdiggjering og etterarbeid. Vi kan limfrese, stifte og spiralisere ryggar, stanse ut mapper og hangtags. Prøv gjerne lakkeffekter på trykksakene dine for ein meir forseggjort og annleis finish. Vi kan levere små og store opplag, også på kort frist. I tillegg tilbyr vi reine grafiske tenester som scanning av lysbilete, frilegging og mykje anna.

Profilering

Kom gjerne til oss for butikkskilt, stadionskilt, bannerar og roll-upar. Spør oss gjerne om moglegheiter. Vi kan hjelpe deg å finne løysinga som passar best for deg.