Framside1.jpg
Framside2.jpg
Framside1.jpg

Designbyrå + Trykkeri


TINDE er samansett av eit designbyrå og eit trykkeri. Saman dreg vi nytte av kvarandre, til fordel for deg, og alle andre som nyttar tenestane våre.

SCROLL DOWN

Designbyrå + Trykkeri


TINDE er samansett av eit designbyrå og eit trykkeri. Saman dreg vi nytte av kvarandre, til fordel for deg, og alle andre som nyttar tenestane våre.

TINDE Design og Trykk er eit designbyrå og trykkeri som er opptekne av god service og gode produkt, levert til rett tid. Vi er spesialiserte innan visuell kommunikasjon og utformar det du treng for trykk, web og andre flater. Den tette kontakta mellom designbyrå og trykkeri, gir oss moglegheit til å raskt kunne levere deg ei ferdig trykksak, frå idé til ferdig produkt. Etter 30 år i grafisk bransje har vi i dag eit moderne trykkeri og er kjent for høg kvalitet, god fleksibilitet og levering til rett tid. 

Framside2.jpg

Mediemix


Nye løysingar tilfører nye dimensjonar og driv oss framover. Vi trur på mangfald og rett medie til rett tid. Her er noko av det vi kan bidra med.

Mediemix


Nye løysingar tilfører nye dimensjonar og driv oss framover. Vi trur på mangfald og rett medie til rett tid. Her er noko av det vi kan bidra med.

Design

Korleis du møter omgjevnaden er med på å gje deg truverd når du skal presentere, informere og engasjere. Ved rett bruk av visuell kommunikasjon styrker du merkavara di. Vi vil vere med på å gje deg eit heilheitleg uttrykk slik du blir lagt merke til og oppfatta på rette måten. Kanskje ønsker du noko heilt nytt? Har du ein eksisterande profil, sørger vi for at retningslinjer blir holdt. Vi utformar for både trykte og digitale flater.

Trykk

Vil du ha produsert ei trykksak, står vi klare for å ta jobben og levere godt handverk til avtalt tid. Kvalitet oppnår vi også gjennom ferdiggjering og etterarbeid. Vi kan limfrese, stifte og spiralisere ryggar, stanse ut mapper og hangtags. Prøv gjerne lakkeffekter på trykksakene dine for ein meir forseggjort og annleis finish. Vi kan levere små og store opplag, også på kort frist. I tillegg tilbyr vi reine grafiske tenester som scanning av lysbilete, frilegging og mykje anna.

Profilering

Kvifor ikkje bruke dei flatene du allereie har? Bildekor og vindusdekor er flater du allereie har - utnytt dei! Vi leverer alt av foliedekor og vi legg den gjerne for deg, både på bil og i kontorlokaler. Kom også til oss for butikkskilt, stadionskilt og roll-upar. Spør oss gjerne om moglegheiter. Vi kan hjelpe deg å finne løysinga som passar best for deg.