Skal du send filer til trykk, er det ein høgoppløysleg PDF vi ønskjer å motta. PDF står for Portable Document Format og er eit plattformuavhengig format. Inn i ein PDF kan det ligge både vektoriserte element (til dømes tekst) og pixelbaserte element (bilete). Kvaliteten på PDFen er derfor styrt av kva filer du har brukt i den - og korleis du har eksportert den. Her er ei lita sjekkliste du kan sjå over når du skal du levere PDF til trykk:


Lag PDFen i det formatet du ønsker på trykksaka di.
For å unngå både dårleg oppløsying eller missforståingar - jobb alltid i det rette formatet. Skal du lage ei trykksak i A4, sjekk at du har valgt formatet A4 og ikkje Letter-formatet (Amerikansk standard).


Oppløysing på bilete
Bileta bør minimum vere 300 dpi i det formatet det blir brukt i trykksaka. Om du brukar InDesign for å lage PDF (anbefalt) er dette lett å sjekke i vinduet koblingar / links. Mange opnar bilete i Photoshop, sjekker oppløysinga og ser at den er 300 dpi, men gløymer å sjekke størrelsen i høgde og bredde. Så hugs at bilete må vere 300 dpi i den storleiken som det blir brukt i trykksaka. Når du skal eksportere PDF frå InDesign, må du passe på at du vel å eksportere i rett oppløysing. Dette gjer du under File > Export > Compression. Her velg du 300 dpi på bilete og 1200 dpi på Monochrome.


CMYK
For best resultat og kontroll, er det lurt å bruke CMYK-fargar. CMYK står for Cyan (blå), Magenta (raud), Yellow (gul), og Key (Svart). Det er desse fargane som er brukt i trykk, både digital og offset.


Tekst
Skal du ha svart tekst, pass på at teksta er i 100% svart og ikkje inneheld verken cyan, magenta eller yellow. Om du har konvertert frå RGB til CMYK kan det vere at svartfargen ikkje inneheld rein svart men er ein miks mellom cyan, magenta og yellow. Dette kan gjer teksta både blass og kornette og resultatet blir dårleg, så pass på at alt av tekst er rein svart.


Skjeremerker (cropmarks) og utfall (bleed)
Om ei trykksak skal ha grafikk eller bilete heilt ut til kanten, må vi ha skjeremerker og utfall i PDFen. Skjeremerker viser kvar kuttlinja på papiret skal gå og er ein guide for etterbehandling. Grafikk og bilete må gå 3 mm utanfor skjeremerka. I InDesign blir skjeremerker og utfall generert automatisk ved rette innstillingar. Det finn du under: File > Export > Marks and Bleeds. Her hukar du på Crop Marks og velg 3 mm Bleed på alle fire sider.


Enkle sider i ein PDF
Vi ønsker å motta PDF i enkle sider, ikkje oppslag - samla i ein PDF. Vi står for sortering av sidene før trykk.


Hefter må gå opp på fire sider
Eit hefte blir festa i ryggen med stift. Skal du lage ein hefte må du hugse at sideantalet må gå opp på fire. Dette fordi det blir trykt fire sider på eit og same ark. Ei hefta kan ha 8 - 12 - 16 - 20 - 24 sider osb, heilt opp til 80 sider.


Håper dette var til nytte for deg. Om du treng hjelp eller har spørsmål så ta gjerne kontakt.