Ønskjer du ei moderne nettside som du lett kan oppdatere, er integrert med sosiale medier og gir deg moglegheit å drive e-postmarknadsføring? Då kan squarespace vere løysinga for deg.



Vi brukar plattformen Squarespace
Vi utformar nettsider på plattformen Squarespace. Her bygg vi opp strukturen på nettsida med ulike modular. Det kan vere alt frå nettbutikk, blogg, portfolie, biletgalleri, booking, e-postmarknadsføring osb. Å ha alle funksjonar på ei plattform forenklar og gir oversikt - og det er kostnadseffektivt.

Enkel å bruke
Ei god nettside skal vere enkel å bruke. Dette er noko av det vi likar aller best med Squarespace - det er logisk og lett å forstå for brukaren. Det er enkelt å oppdatere og legge til bilete - bilete kan du også redigere direkte i Squarespace og bileta tilpassar seg automatisk på sida. Du kan skrive blogginnlegg og dele innlegget direkte på facebook eller LinkedIn. Har du ei e-postliste kan du laste denne inn, eller du kan få brukarar til å registere seg på sida di ved bruk av pop-ups eller skjema. Vidare kan du enkelt sende ut og planlegge e-post som ein del av marknadsføringa di.

Det er ein god følelse når alt berre fungerer!
Slik opplever vi Squarespace. I tillegg får du sida di tilpassa mobil, nettbrett og stasjonære maskiner. Du får enkelt sjå kor mykje besøk du har på på sida, tilpasse SEO og du kan poste innlegg direkte frå ein mobilapp. Har du ikkje registrert domene? Då kan du også enkelt gjere det via Squarespace inkludert i prisen.

- Squarespace er sin stabil plattform med millionvis av brukarar over heile verda.


Trur du dette kan vere noko for deg? Ta kontakt og spør om nettsider, så kan vi hjelpe deg!