Fleire studiar viser at både barn og vaksne lærer meir og hugsar betre når vi skriv for hand. Nyleg kom det enda ei studie som bekrefter dette. Konklusjonen er: For best læring og hukommelse bør ein skrive for hand framfor å skrive på eit tastatur.

Penn og papir
Notatboka og pennen er dermed ikkje utdaterte hjelpemiddel. Personleg liker eg best å skrive og «tenke» for hand, mykje for eg då kjapt kan kombinere tekst og teikning/illustrasjon i notatane mine. Når ein skriv alt frå handleliste til forelesingsnotatar for hand, så hugsar ein rett og slett innhaldet betre etterpå - det sei iallfall hjerneforskning.

Fleire sansar, meir hukommelse
Ved å skrive med penn og papir får hjerna fleire knaggar å feste informasjonen på, dette fordi det blir større aktivitet i dei sensomotoriske delane i hjerna. Når ein fører pennen over papiret, ser bokstavane ta form og høyre lyden av å skrive, aktiviserast ulike sansar og skapar kontakt mellom ulike deler i hjerna. Dette opnar opp for både betre læring og betre hukommelse. Denne kunnskapen burde vi absolutt utnytte.

Korleis aktivisere sansane?
Korleis kan eg som visuell kommunikatør og TINDE som trykkeri bidra her? Det er absolutt noko eg vil drodle på med penn og papir. Og du, vi leverer notatblokker til alle føremål!

Vil du lese meir om forskninga kan sjå gå inn på denne linken

Bruk eller del ut notatbøker - og bidra til betre læring og hukommelse :) Bruk din eigen logo og profil - dette ordner vi for deg!

Bruk eller del ut notatbøker - og bidra til betre læring og hukommelse :) Bruk din eigen logo og profil - dette ordner vi for deg!